Kven kan krevje samanslåing?

Det er eigar, altså den som har grunnboksheimelen som kan krevje samanslåing av eigedomar. Eigedomane må ligge i same kommune.

Skjema, vedlegg og vilkår

  • Før kravet vert handsama, må dette vere underteikna av den eller dei som er eigar (har grunnboksheimel), jf. matrikkellova § 18.
  • Dersom nokon av matrikkeleiningane har tinglyste hefte, må dette ordnes opp i før samanslåing kan skje, jf. matrikkelforskrifta § 43, åttande ledd. Dvs. at eigedomar som skal samanslåast må ha same hefte, eller den eine eigedomen må vere heftefri.
  • Opplysningar om hefte m.v kan ein få ved å vende seg til Statens kartverk v/tinglysinga.

 

  • ​Saman med kravet skal det fylgje:
  • Kart som viser grenser for eigedomen, eller grensestrekninga dette gjeld.
  • Stadfesting på at eventuelle heimelshavarar til bruksrett/heimelshavar som festar, er varsla.
  • Dokumnet som er naudsynte for å få tinglyst samanslåing, jf. matrikkelforskrifta § 43, første ledd.


Kravskjema finn du her:

Krav om samanslåing finn du her:
eller du kan få skjema ved å ta kontakt med Valle kommune, teknisk avdeling.

Meir informasjon på kartverket.

Krav om samanslåing sendas til Valle kommune
post@valle.kommune.no

 

 

Pris

Denne tenesten er gratis.
Det kan derimot kome tinglysingsgebyr dersom det er tinglyste hefte som må ordnes opp i, i samband med samanslåinga.

Klagerett

Du kan klage på matrikkelføringa innan 3 veker frå du mottar matrikkelbrevet. Klaga sendes til Valle kommune.

I klaga skal du oppgje kva du ynskjer at vert endra i matrikkelføringa og grunngjeve dette. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga sendes, skal kommunen vurdere om det er grunnlag for å endre matrikkelføringa. 

Dersom matrikkelføringa vert oppretthalde, vert saka sendt til Fylkesmannen.