Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
12. oktober:

Testing for Covid-19

Har du behov for å bli testa for korona, ring 37 93 75 40 (kvar dag kl. 09-12 og 13-14). Testen må t... Les meir...

Barnehagemynde

Kva er barnehagemynde?

Barnehagelova ligg til grunn for barnehagemynda si utøving av mynde.

Kommunen er lokal barnehagemynde og skal sjå til at barnehagane driv i samsvar med regelverket.

 

Barnehagemynda har tre verkemiddel til disposisjon; rettleiing, tilsyn og godkjenning.

 

Eit tilsyn i barnehagane kan vere dokumenttilsyn, varsla stadleg tilsyn eller ikkje-varsla tilsyn / hendingsbasert tilsyn.

 

Barnehagemynda kan gje pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege tilhøve ved godkjente eller godkjenningspliktige verksemder. Avgjerda om å gje pålegg om retting av uforsvarlege tilhøve skal fungere som sikkerheit og fange opp tilhøve som ikkje er direkte regulert av barnehagelova, men som kan føre til uforsvarlege tilhøve for barna.

 

Barnehagelova gjeld for alle barnehageeigarar. Barnehagelova § 7 syner kva som er ansvar og oppgåver for barnehageeigarar. I Valle kommune er det to barnehagar. Begge er kommunale, det vil seie at det er kommunen som er barnehageeigar.