valle-skule-selfie

Velkomen til skulestart!

No er det rett før det braker laus og vi startar opp eit heilt nytt skuleår ved Valle skule. over 130 elevar frå 1 til 10 trinn skal måndag møtast på nytt til eit lærerikt skuleår.

Måndag tar vi imot 11 nye elevar i 1. klasse som startar opp for første gang på skulen vår. I tillegg er det 15 elevar som tar til på siste økt i grunnskulen og begynner i 8 klasse på ungdomsskulen. Denne dagen er det i tillegg fleire elevar som har sin første skuledag på ny skule og det ønskjer vi å markere på skikkeleg vis.

Program for dagen:

Kl 08.30: skuleklokke ringer og alle elevar frå 2 trinn og oppover går direkte til sitt klasserom.

- Alle elevar som startar opp i 1 klasse venter ute ved den fin lafta hytta vår saman med foreldre/føresette. Her vi elevane blir ropt opp og vi helser på kontaktlærar og når flokken er samla tar vi eit skulebilete.

Kl 08.30-09.30: Bli kjent time i alle klassane. Foreldra til 1 klasse er velkomne til å vere med, men det er og heilt ok å reise når det passer.

Kl 09.40: Off opning av skuleåret i Storstoga.

  • Velkomen v/rektor Marit J Brokke
  • Opning v/ordførar Steinar Kyrvestad
  • Musikkinnslag
  • Presentasjon av 1 klasse og 8 klasse
  • Presentasjon av alle lærarane
  • Allsong.

Kl: 10.30-10.50: Lunsj

Kl: 11.00-11.45: Aktivitetar for alle- trinnvis

Kl: 11.45-12.15: Avslutning med kake til alle:)

Kl: 12.15 -14.30: Vanleg skule for 5-10 trinn/ SFO 1-4 trinn.

Buss heim 14. 30 - ingen leksehjelp.

Velkomen:)

 

Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS