SKULANE I VALLE KOMMUNE

SAMARBEIDSUTVALET (SU)

VEDTEKTER

Vedtatt i Levekårsutvalet 15.3.2016

 

§ 1: Opplæringslova § 11-1.  Samarbeidsutval (SU) ved grunnskular.

  • Alle grunnskular skal ha eit samarbeidsutval.

 

§ 2. Formål

  • Samarbeidsutvalet er eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande ledd for alle partar i skulesamfunnet.
  • Utvalet skal særleg arbeide for å fremje kontakt  mellom skulen og lokalsamfunnet.
  • Grunnskulen i Noreg byggjer på demokratiske verdiar.

 

Alle dei viktige partane i skulesamfunnet er representert i samarbeidsutvalet.

 

  • Det er i følge norsk lov foreldra som har hovudansvaret for barna, og dei må difor ha medansvar i skulen.
  • Samarbeidsorgan i skulen skal styrke elevane og foreldra si moglegheit for medråderett i skulen.
  • Skulen og foreldra er båe ansvarleg for at samarbeidet fungerer godt.

 

§ 3: Representantar til Samarbeidsutvalet

  • To representantar frå foreldrerådet:
    • Leiar SU:         Leiar av FAU
    • Nestleiar SU:   Nestleiar av FAU
  • To representantar frå elevane
  • To representantar frå undervisningspersonalet
  • Ein representant frå andre tilsette
  • To representantar frå kommunen (den eine er rektor)
    • Skrivar: Rektor

 

Rektor har møte-, tale- og framleggsrett, men ikkje stemmerett

Ved stemmelikheit har leiar dobbelstemme.

 

§ 4: Samarbeidsutvalet sine oppgåver

Samarbeidsutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen.

Aktuelle saker er:

  • Skulen sitt planarbeid, skulen sine mål og visjon, forsøks- og utviklingsarbeid
  • Kvalitetsutvikling
  • Skulebasert vurdering
  • Skulen sitt informasjonsarbeid
  • Elev- og foreldremedråderett
  • Læringsmiljø, opplæring generelt, organisering av opplæringa, spesialundervisning
  • Konfliktløysing
  • Ordensreglement
  • SFO
  • Sosial kompetanse, antisosial åtferd og mobbing
  • Skulehelseteneste
  • Budsjett og disponering av budsjett og ressursar som undervisningstimar
  • Skuleskyss
  • Skuleanlegg og uteområdet
  • Val av undervisningsmateriell
  • Trafikksikkerheit
  • Elevbedrift
  • Skulenedlegging
  • Endring av skulegrenser
  • Andre saker

 

§ 5. Val

  • Representantar for undervisningspersonalet og andre tilsette skal veljast av og blant alle tilsette.
  • Elevrepresentantane skal representere alle elevane, ikkje berre dei det er skipa elevråd for.

Funksjonstid:

  • Alle representantar blir valde for eit år om gonga.
  • Kommunen sin politiske representant blir vald for 4 år.
  • Alle val skal være gjort før 1.september.

 

§ 6. Møterutinar

  • Rektor kallar inn til møte minst ei veke før møtetidspunkt. Alle representantar får innkallinga inklusive varamedlemer.
  • Vararepresentantar møter berre etter særskild tilkalling.
  • Representantar som ikkje kan møte, har ansvar for å varsle/tilkalle vararepresentanten.
  • Rektor er referent, og skriv referat som blir sendt til alle medlemene, også varamedlemer.
  • Møteleiar er leiar av utvalet.
  • Møta skal være prega av:
    • respekt, tillit, openheit, likeverd og dialog
  • Alle medlemene av SU bør og kan melde saker til samarbeidsutvalet.
  • Saker blir meldt skriftleg til rektor eller leiar.

 

§ 7. Informasjon

På skulen si heimeside skal det liggje informasjon om:

  • Vedtekter for Samarbeidsutvalet.
  • Samarbeidsutvalet sine medlemer og varamedlemer.
  • Møteplan for kvart skuleår innan 1. september.
  • Møtereferat
  • Møtereferat blir sendt som referatsak til Levekårsutvalet v/arkivansvarleg

 

§ 8. Teieplikt

  • Representantane i Samarbeidsutvalet er underlagt forvaltningslova § 13 om teieplikt.
  • I konstituerande møtet om hausten skal representantane signere på eige skjema for teieplikt.
  • Elevrepresentantane i Samarbeidsutvalet skal ikkje vere til stades i saker som omfattar teieplikta etter lov eller forskrift.