SKULANE I VALLE KOMMUNE

SKULEMILJØUTVALET

VEDTEKTER

 

 § 1. Opplæringslova § 11-1a. Skulemiljøutval (SMU) ved grunnskular

  • Ved kvar grunnskule skal det vere eit skulemiljøutval. I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representert. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal.
  • Samarbeidsutvalet kan sjølv vere skulemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skulemiljøutvalg, må ein velgje tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtall.
  • Elevrepresentantane skal ikkje vere til stade når saker som er omfatta av lovfest teieplikt blir handsama i skulemiljøutvalet. Når elevane ikkje er til stade, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller antal foreldrerepresentantar aukast tilsvarande.
  • Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tar aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet, jf. kapittel 9a.

 

§ 2. Formål og oppgåver

  • SMU er skulen sine vaktarar av ”elevane sin arbeidsmiljølov”, sjå opplæringslova § 9a-1. SMU skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tar aktivt del i arbeidet for å skape eit godt fysisk og psykososialt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. SMU har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet.
  • Skulen skal difor halde SMU løpande orientert om alle forhold som har vesentlig betydning for skulemiljøet ved skulen.

 

SMU gjennomgår årleg:

  • Det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet ved skulen, jamfør opplæringslova § 9a-3

 

§ 3.Representantar til skulemiljøutvalet

Med mindre foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU) sjølv bestemmer noko anna, er foreldrerådet sine vararepresentantar i SU også deira faste tilleggsrepresentantar i SMU.

 

Skulemiljøutvalet vil då ha slik samansetjing:

  • Fire representantar frå foreldrerådet, (bør representere små-, mellom- og ungdomstrinn/små - og mellomtrinn)
    • Leiar SMU:            Leiar av FAU
    • Nestleiar SMU:      Nestleiar av FAU
  • To representantar frå elevane
  • To representantar frå undervisningspersonalet
  • Ein representant frå andre tilsette
  • To representantar frå kommunen (den eine er rektor og den andre blir vald av Levekårsutvalget)
    • Skrivar: Rektor

 

Rektor har møte-, tale- og framleggsrett, men ikkje stemmerett

Ved stemmelikheit har leiar dobbelstemme.

 

 

§ 4. Val

  • Representantar for undervisningspersonalet og andre tilsette skal velgjast av og blant alle tilsette.
  • Elevrepresentantane skal representere alle elevane, ikkje berre dei det er skipa elevråd for.

 

Funksjonstid:

  • Alle representantar blir valde for eit år om gonga.
  • Kommunen sin representant blir vald for 4 år.
  • Alle val skal vere gjort før 1. september.

 

Med mindre SMU sjølv bestemmer noko anna, skal ein fordele verva på fylgjande måte:

  • Leiar: Den som er leiar for foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU)
  • Nestleiar: Den som er nestleiar for foreldrerådet sitt arbeidsutval (FAU)
  • Sekretær: rektor

 

§ 5. Møterutiner

  • Rektor kallar inn til møte minst ei veke før møtetidspunkt. Alle representantar får innkallinga, også varamedlemer.
  • Vararepresentantar møter berre etter særskild tilkalling.
  • Representantar som ikke kan møte, har ansvar for å varsle/tilkalle vararepresentanten.
  • Rektor er referent, og skriv referat som blir sendt til alle medlemene inklusive varamedlemer.
  • Møteleiar er leiar av utvalet.
  • Møtene skal være prega av:
    • respekt, tillit, openheit, likeverd og dialog
  • Alle medlemene av SU bør og kan melde saker til samarbeidsutvalet.
  • Saker blir meldt skriftleg til rektor eller leiar.

 

§ 6. Informasjon

På skulen si heimeside skal det liggje informasjon om:

  • Vedtekter for Skulemiljøutvalet.
  • Skulemiljøutvalget sine medlemer og varamedlemer.
  • Møteplan for kvart skuleår innan 1. september.
  • Møtereferat
  • Møtereferat blir sendt som referatsak til Levekårsutvalet v/arkivansvarleg

 

§ 7. Teieplikt

  • Representantane i skulemiljøutvalet er underlagt forvaltningslova § 13 om teieplikt.
  • I konstitueringsmøtet om hausten skal representantane signere på eige skjema for teieplikt.
  • Elevrepresentantene i Skulemiljøutvalet skal ikkje vere tilstades i saker som omfattar teieplikta etter lov eller forskrift.