Plan for å sikre elevane eit trygt og godt psykososialt skulemiljø ved Hylestad skule:

 

Innhald:

1. Føremål ………………………………………………………………………………………………………… side 2

2. Definisjonar ………………………………………………………………………………………………….. side 3

3. Haldningsskapande og førebyggjande arbeid ……………………………………………….. side 4

4. Avdekking …………………………………………………………………………………………………….. side 5

5. Handtering ……………………………………………………………………………………………………. side 6

6. Prosedyre ved mistanke om krenkjande åtferd og ved mobbing …………………… side 7

7. Sanksjonar ………………………………………………………………………………………………..….. side 8

8. Kontinuerlig og systematisk arbeid ……………………………….…..…………………………. side 9

9. Vedlegg  ....................……………………………………………………………………………………. side 10

 

 

1. Føremål

 

Mål: Hylestad skule skal vere ein trygg og god stad å vere, fri for mobbing, psykiske og fysiske krenkingar.

 

Opplæringslova § 9A–2 og 3 seier mellom anna:

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Skulen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

 

Med trygt og godt skulemiljø meinast her dei mellommenneskelege tilhøva på skulen, det sosiale miljøet, og korleis elevane og personalet opplever dette. Det psykososiale skulemiljøet skal virke positivt på elevane si helse, deira trivsel, læring og tryggleik.

Det er den enkelte elev si subjektive oppleving av å verte krenkja som er utgangspunkt for

skulen si handsaming av opplæringslova § 9A, ”elevane si arbeidsmiljølov”.

 

Opplæringsloven § 9A–8 seier:

Elevane skal få ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø.

 

Eit trygt og godt psykososialt skulemiljø kan utviklast gjennom:

1. Godt førebyggjande arbeid

2. Systematisk avdekking av mobbing og krenkingar

3. Klare former for reaksjon

 

Hylestad skule er opptatt av å jobbe systematisk for å utvikle eit godt psykososialt skulemiljø, og nyttar derfor Klassetrivsel.no  Klassetrivsel.no brukast til å undersøke tilhøve i klassar som har problem med trivsel, men verktøyet nyttast og i høy grad førebyggjande. På den måten er me i forkant med trivsel og den sosiale utviklinga i klassen og for den enkelte eleven.

 

Resultat på ei undersøking kan hjelpe med å be- eller avkrefte om alle har eit trygt og godt skulemiljø  og få fram det som skjer blant elevane.

 

Skulemiljøet ved Hylestad skule kjenneteiknast av:

  • Varme, positiv interesse og engasjement frå dei vaksne
  • Faste grenser mot uakseptabel åtferd
  • Konsekvent bruk av ikkje-fysiske, ikkje fiendtlege negative konsekvensar om elevar bryt dei etablerte reglane for åtferd
  • Vaksne som er autoritetar og er positive rollemodellar

 

 

2. Definisjonar på krenkjande ord og handlingar:

 

Krenkjande åtferd er handling som utførast utan respekt for andre sin integritet. Krenkande åtferd kan skje som enkelthandling eller gjentatt.

 

Dan Olweus sin definisjon av mobbing:

Ein person er mobba eller plaga når han eller hun, gjentatte ganger og over ei viss tid, blir utsett for negative handlinger frå ein eller fleire personar (Dan Olweus).

 

I elevundersøkinga definerast mobbing slik:

«Mobbing er gjentatt negativ eller ”ondsinnet” atferd fra en eller flere rettet mot en elev som har vansker for å forsvare seg. Gjentatt erting på en ubehagelig og sårende måte er også mobbing. Atferden må finne sted to eller flere ganger i måneden eller oftere for å være mobbing.»

 

Utestenging betyr at nokon så godt som alltid blir halden utanfor ei gruppe eller klasse.

 

Vold inneber at nokon nyttar fysisk makt for å skade andre.

 

Rasisme inneber at nokon blir handsama ulikt eller plaga, til dømes fordi dei har ein

annan hudfarge eller snakkar eit anna språk.

 

Diskriminering betyr at ein person blir dårlegare handsama eller trakassert, til dømes på

grunn av kjønn, funksjonsevne, tru, hudfarge eller opphav.

 

Digital mobbing er ei krevjande utfordring kjenneteikna ved at mobbaren kan vere meir anonym. Det kan vere vanskeleg å stoppe slik mobbing då ein ikkje alltid veit kven mobbaren er. Mobbing som i starten kan virke uskuldig, kan få langt større konsekvensar om ein nyttar nett. Er innhaldet graverande nok, både kan og bør dette meldast til politiet. Er innhaldet relatert direkte til skulegang, skal leiinga ved skulen verte  kontakta som saman med føresette kan melde saka.

3. Haldningsskapande og førebyggjande arbeid

 

§ 9A-3 Nulltoleranse og systematisk arbeid, 2. avsnitt:

Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skolen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av kapitlet blir oppfylte. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

 

Basert på forsking trekk Utdanningsdirektoratet fram fem viktige faktorar som fremjar eit trygt og godt skulemiljø. Hylestad skule legg desse til grunn for arbeidet med det psykososiale skulemiljøet:

 

  • Vaksne si evne til å leie klassar og grupper
  • Positive relasjonar mellom elev og vaksen
  • Positive relasjonar og kultur for læring blant elevane
  • Godt samarbeid mellom skule og heim
  • God leiing, organisasjon og kultur for læring på skulen

 

(Jf. Udir: Arbeid mot mobbing – veileder for ansatte og ledere i grunnskolen.)

 

Førebyggjande arbeid på skulenivå

  • Systematisk arbeid med «Det er mitt val» på team og i personale
  • Gode rutinar for gjennomføring av tilsyn og god vaksendekking i friminutt
  • Trivselsleiarprogram for elevane i langfri
  • Elevundersøkinga gjennomførast med 5-7. trinn kvart år
  • Samarbeid med skulehelsetenesta i det førebyggjande arbeidet og for å avdekke mobbing og andre
  • Krenkingar
  • Utdeling av miljødiplomar og miljøpris
  • Fadderordning med jamlege felles aktivitetar

 

 

Førebyggjande arbeid på klassenivå                                                                              

  • Jamlege klassemøte
  • Systematisk arbeid med «Det er mitt val»

              Gjennom bruken av «Det er mitt val» vil elevene:

                1. Utvikle sosial- og emosjonell kompetanse

                2. Bygge nye relasjoner og vennskap

                3. Dele opplevelser og erfaringer

                4. Oppleve inkluderende lærings- og fritidsmiljø

  • Følge opp resultata av trivselsundersøkingane
  • Gode rutinar for samarbeid mellom skule og heim
  •  Nytte klassetrivsel.no jamleg (t.d. ei gong i månaden)
  • Trivsel, sosiale relasjonar og tilhøyring som tema i utviklingssamtalane

 

Brukarmedverking

• Rektor har tett samarbeid med FAU, SU og SMU i arbeidet med elevane sitt skulemiljø

• Skulemiljøutvalet har ein rådgjevande funksjon overfor rektor i alt skulemiljøarbeid. Rektor

   rapporterer om kvalitetssikringsarbeidet til skulemiljøutvalet.

• Læringsmiljø og trivsel er tema på elevsamtalar, utviklingssamtalar og møte med føresette

• Elevråd skal ha ei sentral rolle i arbeidet med skulen sitt psykososiale skulemiljø. Det skal vere   

   klassemøter på kvar klasse i forkant av elevrådsmøte

4. Avdekking

§ 9 A-4 Aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø

Alle som arbeider på skolen, skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skolemiljø, og gripe inn mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering dersom det er mogleg.

Alle som arbeider på skolen, skal varsle rektor dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø. Rektor skal varsle skoleeigaren i alvorlege tilfelle.

Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka.

Når ein elev seier at skolemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skolen så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skolemiljø. Det same gjeld når ei undersøking viser at ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.

 

Alle tilsette ved skulen har ein aktivitetsplikt. Det vil seie at dei har plikt til å følgje med, gripe inn, varsle rektor og undersøke saka. Dersom det vert satt i verk tiltak, skal det skrivast ein aktivitetsplan. Skulen må dokumentere kva som er blitt gjort i saka.

 

Nokon kjenneteikn på at ein elev vert mobba eller krenka:

  • Skulevegring (er redd eller har motvilje mot å gå på skulen)
  • Verker ulykkeleg, nedfor eller har humørsvingingar med plutselige raseriutbrot
  • Vil berre vere inne og vegrar seg for å gå ut. Har få vener, er aleine i skulegarden
  • Vert innelukka og slutter med aktivitetar på fritida
  • Kjem heim med øydelagde kler, ting eller bøker
  • Skuleprestasjonane vert dårligare
  • Gjeng omveg for å unngå enkelte personer
  • Har ofte dårleg appetitt, hovudpine eller vondt i magen
  • Har uforklarlege skrammer og blåmerke
  • Har uroleg søvn (mareritt/gret i søvne)
  • Prøver å skjule at noko skjer
  • Søkjer vaksenkontakt

 

Skulen har følgjande rutinar for avdekking:

Oppgåver

Ansvar for oppfølging

Kartlegging av krenking/mobbing to gonger kvart år gjennom utviklingssamtale/elevsamtale

 

 

Kontaktlærer rapporterer funn til rektor.

Rektor leiinga avgjer vidare oppfølging i samråd med kontaktlærar

 

Årlig undersøking av krenking/mobbing ved skulen gjennom elevundersøkinga på 5.-7. tr. og klassetrivsel.no

Rektor / kontaktlærer

 

Årlig tema på møte med føresette, jamleg tema i elevråd og skulemiljøutval

 

Rektor/

Kontaktlærer/kontaktlærar elevråd

Tilsynsordning med fokus på aktivt tilsyn og positiv forsterking av ønskt åtferd

Rektor/alle

tilsette

Varsle rektor ved mistanke om eller melding frå elev/føresett/tilsett om at eleven ikkje har et trygt og godt skulemiljø

Alle tilsette / rektor

 

 

 

 

 

 

 

5. Handtering

§ 9 A-4 Aktivitetsplikt for å sikre at elevar har eit trygt og godt psykososialt skolemiljø -5.og 6. ledd:

Skolen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.

Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå

 

a)

kva problem tiltaka skal løyse

 

b)

kva tiltak skolen har planlagt

 

c)

når tiltaka skal gjennomførast

 

d)

kven som er ansvarleg for gjennomføringa av tiltaka

 

e)

når tiltaka skal evaluerast

 

 

Skulen skal dokumentere kva som vert gjort for å oppfylle aktivitetsplikta etter første til femte ledd.

 

Når elev, føresette eller tilsette ved skulen avdekker at elevar vert utsett for krenkande ord og handlingar, skal skulen sikre sakshandsaming og oppfølging i tråd med lover og forskrifter. Alle elevar og føresette skal oppleve å bli tatt på alvor, og at skulen tek ansvar og initiativ for å stoppe slik åtferd.

 

Oppfølging og evaluering av tiltak

Når tiltaka evaluerast, vurderast og behov for justeringar og eventuelt nye tiltak. Problemsituasjonane følgjast inntil dei opphøyrer heilt. Alle involverte elevar skal følgjast opp.

 

Ordning for handheving og klagerett

Elev og/eller føresette kan melde saka til Fylkesmannen etter at saka er tatt opp med rektor. Det må ha gått ei veke (fem virkedagar) etter at rektor er informert før saken meldast til Fylkesmannen. Fylkesmannen skal avgjere om aktivitetsplikta er oppfylt. Jf. Oppll. § 9A – 6. Fylkesmannen fattar enkeltvedtak i saken. Elev og/eller føresette kan klage på vedtaket. Klageinstans er Utdanningsdirektoratet.

 

§ 9 A-5.Skjerpa aktivitetsplikt dersom ein som arbeider på skolen, krenkjer ein elev

Dersom ein som arbeider ved skulen, får mistanke om eller kjennskap til at ein annan som arbeider ved skolen, utset ein elev for krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, skal vedkomande straks varsle rektor. Rektor skal varsle skuleeigaren. Dersom det er ein i leiinga ved skulen som står bak krenkinga, skal skuleeigaren varslast direkte av den som fekk mistanke om eller kjennskap til krenkinga. Undersøking og tiltak etter § 9 A-4 tredje og fjerde ledd skal setjast i verk straks.

 

Prosedyre ved mistanke om mobbing/krenking og ei oversikt over framgangsmåten i meldte saker finnes på dei neste tre sidene.

 

 

 

 

 

 

6. Prosedyre ved mistanke om krenking/mobbing. Prosedyre ved mobbing

 

SLIK ER FREMGANGSMÅTEN I MOBBESAKER

Stopp mobbinga umiddelbart

Dei vaksne skal umiddelbart gripe inn og stoppe mobbinga. Rektor koplast inn. Gjer greie for kva du har sett/høyrt - opne ikkje for diskusjon. Vær tydeleg og vurder situasjonen. Skjerm den som har blitt utsett for mobbing

Gjennomfør samtalar med dei involverte i mobbinga

Samtal med den utsette. Kontaktlærar eller ein annan vaksen som den aktuelle eleven føler seg trygg på, tek kontakt med eleven snarast mogleg etter at mobbinga har skjedd og gjer greie for kva som har skjedd. Samtalen skal skje i trygge omgivnader, i ei trygg ramme og i ein trygg form.

Ha ein annan vaksen til stede under samtalen (t.d. kontaktlærar, teamleiar, timelærar, assistent, rektor). Skriv referat frå møtet og informer kontaktlærar dersom han/ho ikkje er med på møtet

 

Alvorleg konfronterande samtale med mobbar(ane)

Samtal med ein om gongen dersom det er fleire og gjer greie for kva som vil skje vidare.

Ha ein annan vaksen til stade under samtalen (t.d. kontaktlærar, teamleiar, timelærar, assistent, rektor). Skriv referat frå møtet og informer kontaktlærar om han/ho ikkje er med på møtet.

Korleis gjeng møtet med mobbar(ane) føre seg

Skjerma rom, alle sit ned, dei vaksne viser ansvar, ikkje spørsmål til eleven i første del av samtalen, ikkje «vaksen» sinne, ikkje tomme trugslar, ikkje diskusjon om den mobbeutsette si eventuelle bidrag til situasjonen

 

Innhaldet i den konfronterande samtalen

Sett rammene, legg fram dokumentasjon/indisier, presenter krav om stans av åtferd, presenter konsekvensar dersom ikkje, fortel kva skulen gjer vidare, sjekk at eleven har forstått, avtal ny samtale - konkret tid og stad

 

Opplys om kva som vil skje vidare:

  • Mobbinga skal stoppe nå!
  • Kontakt foreldre/føresette (kontaktlærar ringer).
  • At du vil følgje opp den/dei som dette har gått ut over slik at alle forsøk på represaliar vil bli oppdaga

 

Følg opp saka

Følg opp saka med nye møte med mobbar(ane). Følg også opp med møte med den mobbeutsette til du er sikker på at mobbinga har opphøyrt.

Informere resten av kollegaene slik at alle kan følge med i friminutta.

Samtale med føresette og møte med føresette på skulen

 

Sanksjoner

Dersom ikkje mobbinga opphøyrer etter oppfølgingssamtalar, skal det nyttast sanksjoner.

Sjå punkt 7 i plan for eit trygt og godt psykososialt skulemiljø ved Hylestad skole.

 

Dokumentasjon

Alt arbeid som vert gjort i mobbesaker skal dokumenterast. Det skal lagast ein skriftleg aktivitetsplan og førast skriftlege referat frå det arbeidet som er gjort

Oppbevaring av elevopplysingar

Aktivitetsplan og referat angåande enkeltelevar lagrast i  elevmappa i Elements. Dersom det i tillegg førast referat/gjerast notat der det nemnes namn på fleire elevar, kan det opprettast ei eigen saksmappe for disse dokumenta. Skulen ser dette opp mot lokale og sentrale styresmakter sine lover og retningsliner for slik arkivering

 

 

7. Sanksjoner

Dersom ikkje mobbinga eller dei krenkande handlingane opphøyrer etter oppfølgingsamtalar med elev / føresette, skal det nyttast sanksjoner (jfr. ordensreglementet).

 

Sanksjonsstige for Hylestad skole:

  • Eleven mistar retten til å gå fritt på skulen sitt område ved at ein vaksen må gå saman med eleven
  • Eleven mistar retten til å vere ute saman med dei andre elevane i pausar og friminutt.

Eleven får pausar eller friminutt på andre tidspunkt enn dei andre elevane

  • Eleven kan verte fråteken deltaking i spesielle aktivitetar som klassen skal vere med på
  • Eleven vert midlertidig overført til eit anna trinn
  • Dersom mobbing/krenking skjer på skulevegen, lagast det avtalar med føresette slik at eleven som mobbar/krenkjer, må gå til og frå skulen samen med ein vaksen

 

Føresette skal informerast om kva for tiltak som vert satt i verk. Andre tiltak kan og settast i verk i samarbeid med føresette.

Lengd på dei ulike tiltaka vert tilpassa alvoret i saka. Sanksjonane skal ikkje vere slik at dei kan oppfattast som hemn.

I alvorlege tilfelle skal også eksterne parter inn i saka, t.d. PPT, barnevern eller politi.

 

 

 

 

 

 

 

8. Kontinuerlig og systematisk arbeid

§ 9 A-3 Nulltoleranse og systematisk arbeid

Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Skolen skal arbeide kontinuerleg og systematisk for å fremje helsa, miljøet og tryggleiken til elevane, slik at krava i eller i medhald av kapitlet blir oppfylte. Rektor har ansvaret for at dette blir gjort.

 

Rektor har ansvaret for den daglige oppfølginga av skulen sitt systematiske arbeid. For å sikre at arbeidet med skulen sitt psykososiale skulemiljø er systematisk og kontinuerlig, nyttar Hylestad skule Moava 13-10.

 

 

Skulen har følgjande rutinar:

 

 

Oppgåver

 

 

Tidspunkt

Ansvar

 

1

Tilsette ved skulen drøftar område og får ei felles forståing av skulen sitt syn på:

- Kva er eit godt psykososialt

  skulemiljø?

- Kva er krenkjande åtferd?

- Kva er terskelen for å gripe inn?

- Når skal skuleleiinga varslast?

 

Ved skulestart

Rektor

2

Skulen sine planar og tiltak for førebyggjande og haldningsskapande arbeid gjennomsyrer skulekvardagen

Løypande

Rektor

3

Opplæring og informasjon til alle tilsette:

- Plan for å sikre elevane eit trygt og godt psykososialt miljø ved Hylestad skole

- Ordensreglementet

- Kvalitetssikringsarbeid

- Det er mitt val

- Klassetrivsel.no

- Prosedyrar ved mistanke om

  krenking/mobbing og i mobbesaker

- Skjema for varsling ved mistanke

 

Alltid ved skulestart samt ved minst to personalsamlingar

og fem fellestider pr. skuleår

Rektor

4

Nye føresette gjerast kjent med at planen og ordensreglementet ligg på skulen si heimeside.

Føresette kan ta kontakt med skulen for å få planen i papirutgave.

Første møte med føresette

 

Rektor

5

Elevar og føresette informerast om opplæringslovens kap. 9A, skulen sin plan for et trygt og godt psykososialt skulemiljø og gjeldande ordensreglement

 

Kvar haust

 

Kontaktlærer/

elevrådskontakt og evt. Skulen si leiing på felles møte med føresette

6

Tiltak og aktivitetar vedrørande skulemiljø takast opp i elevråd

 

 

 

Løypande

 

Elevrådskontakt

 

7

Gjennomgang av elevundersøking og trivselsundersøking; takast opp i personalet, elevråd, FAU, SU og skulemiljøutval

 

Kvar vår

 

Rektor/

elevrådskontakt

8

Funn i utviklingssamtalar/elevsamtalar vurderast to gonger i året

 

Haust og vår

 

Kontaktlærar/

rektor

9

Skolen skal evaluere sitt førebyggjande og haldningsskapande arbeid kvart år. Evaluering og evt. revidering gjerast i fellestid for personalet, elevråd, FAU, SMU og skulemiljøutval.

 

Kvar vår

 

Rektor

10

Tilsynsordninga evaluerast ei til to gonger i året

 

Haust og vår

 

Rektor

11

Nytilsette får innføringskurs i «Det er mitt val»

 

Haust

 

Rektor

12

Gjennomgang av skolens arbeid i forbindelse med kommunens kvalitetsoppfølging, jf. kommunal standard

 

Vårhalvår

 

Rektor

13

Internkontroll: Sjekkpunkt/praksis i forhold til oppfølging av opplæringslova § § 9A-8 (skulemiljøutval), 9A-10 (ordensreglement) og 9A-

11 (bortvisning)

Løypande

 

Rektor

 

 

Vedlegg

1. Ordensreglement for Hylestad skule

2. Klageskjema for elevar/føresette

3. Meldeskjema ved mistanke om krenkingar/mobbing

4. Mal for aktivitetsplan

 

Plan for eit trygt og godt psykososialt skulemiljø ved Hylestad skule skal være kjent for alle partar i skulemiljøet. Den gjennomgåast kvart år og reviderast om naudsynt. Planen justerast etter drøftingar i personalet, elevrådet, FAU, skulemiljøutvalet, og revideringane godkjennast av SU.

 

Planen er sist gjennomgått og godkjent i skulemiljøutvalet og samarbeidsutvalet: ………….

 

Hylestad skule, …………….

 

 

Else Margit Tveit

Rektor

 

 

 

Vedlegg 1

 

Ordensreglement for Hylestad skule

 

Innhald:

  1. Lovheimel
  2. Reglar om orden og oppførsel
  3. Tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet
  4. Framgangsmåte/sakshandsaming ved uønskt åtferd
  5. Krenkjande åtferd

 

 

1. Lovheimel:

 

9 A-10.Ordensreglement

Kommunen skal gi forskrift om ordensreglement for den enkelte grunnskole (…). Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om orden og oppførsel, om kva tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet, og om korleis slike saker skal behandlast.

Skolen kan berre nytte tiltak som er fastsette i ordensreglementet. Tiltaka skal ikkje innebere fysisk refsing eller anna krenkjande behandling. Før det blir teke avgjerd om tiltak, har eleven rett til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.

Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i forvaltningsloven § 38 første ledd bokstav c om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

 

2. Reglar for orden  og oppførsel

 

Reglar for orden og oppførsel gjeld for elevar

  • i skuletida
  • i leksehjelptida
  • i SFO-tida
  • på områda til skulen
  • på skuleturar og ekskursjonar som er i regi av skulen
  • på skulevegen
  • i det digitale rom i skuletida

 

1

Ver venleg med og syn respekt for alle du kjem i kontakt med på skulen og på skulevegen

2

Hald god orden i klasserommet, gongen og på skuleområde

3

Møt alltid fram til timane i rett tid. I klasseroma er det ikkje tillate å ha yttertøy, caps, lue eller andre hovudplagg på

4

Høyr på beskjedar frå dei vaksne, og gjer som dei seier

5

Treng du å forlate skuleområdet i skuletida, må du ha løyve frå ein vaksen ved skulen

6

I pausane skal du vere ute dersom ikkje noko anna er bestemt

7

Maten skal etast i klasserommet eller ute når læraren er med

8

Godteri kan du bare ha med når det er gjeve løyve til det

9

Det er ikkje lov å ha med mobiltelefon og liknande på skulen og skulebuss, unntatt når det er avtala på førehand med føresette

10

Snøballkasting er bare tillat på tilvist stad, t.d. på blink bak gymsalen

Snøballkrig er ikkje tillat

11

Slåssing og anna hard leik er ulovleg. Du er ansvarleg for skade du  påfører personar eller materiell

12

Banning og usømeleg språkbruk må ikkje forkomme

13

Elevane må passe på bøker og utstyr som blir utdelt ved skulestart. Viss

Dei øydelegg eller mister noko av dette utstyret må dei sjølv betale for å få nytt 

14

Sparkesyklar, rulleskøyter og liknande skal takast av ute

15

Det blir tilvist på kva for området du kan kaste snøball, bruke sparkesyklar, rulleskøyter og syklar. Sjå punkt 4+10

 

 

3. Tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet

 

  • Tilsnakk/ samtalar med vaksne ved skulen
  • Tilsnakk/ samtalar med vaksne ved skulen, kontaktlærar eller rektor og gjere avtale om konsekvensar
  • Samtale med den involverte læraren og/eller kontaktlæraren og eleven, evaluere avtala. Informere føresette og kollegaer
  • Merknad
  • Munnleg eller skriftleg informasjon til føresette
  • Samtale mellom kontaktlærar og føresette/elev. Lage tiltaksplan for oppfylging
  • Samtale med rektor og elev, eventuelt og med føresette og kontaktlærar
  • Andre samarbeidspartnare kan involverast t.d. PPT-rådgjevar, helsesøster, barnevern og politi.
  • Sjå del 5. om krenkjande åtferd
  • Andre reaksjonar på brot som kan brukast:

-

attsitjing

-

midlertidig inndraging av eigedelar som t.d. mobiltelefon, lue, caps

-

sitje på eit anna rom med tilsyn

-

skiljast frå dei andre ved å måtte vere inne (eventuelt. ute) i friminutta

-

føresette blir bedne om å kome å vere saman med eleven på skulen

-

Bortvising frå skulen i særlege høve eller ved gjentatt regelbrot i enkelttimar eller for resten av dagen (foreldra hentar eleven)

-

pålegg om oppgåver for å rette opp skade som er påført skulen/medelevar/andre sine eigedelar

-

hærverk på skulen sin eigedom må erstattast

-

skulebytte kan nyttast i heilt spesielle tilfelle dersom kommunen vedtar dette

 

4. Framgangsmåte/sakshandsaming ved uønskt åtferd

  • Tiltak bør setjast i verk så raskt som mogleg etter at ein regel er brote
  • Før det blir teke avgjerd om refsing, mellom anna om bortvisning, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda
  • Straffetiltak bør stå i rimeleg forhold til regelbrotet.
  • Sjå del 5 om krenkjande åtferd
  • Kontaktlærar har ansvaret for å dokumentere kva som skjer i saka

 

 

 

5. Krenkjande åtferd

Elevane har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Om eleven ikkje opplever det slik, kan han/ho seie frå til ein tilsett ved skolen, og då har skolen plikt til å gjere noko med det. Det er eleven si oppleving som skal ligge til grunn for skolen si handlingsplikt. Nedanfor er utdrag frå kapittel 9A i opplæringslova. Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

  • Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering.
  • Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka.
  • Skolen skal så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø.
  • Skolen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid.
  • Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå

a) kva problem tiltaka skal løyse
b) kva tiltak skolen har planlagt
c) når tiltaka skal gjennomførast
d) kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka
e) når tiltaka skal evaluerast. 

  • Om det mistenkast at ein som arbeider på skolen, utset ein elev for krenking, skal rektor straks varslast, og rektor skal varsle skuleeigaren.
  • Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Fylkesmannen etter at dei har kontakta rektor.
  • Fylkesmannen kan bestemme kva skolen skal gjere for at eleven/elevane skal få det betre.
  • Skolen har plikt til å informere elevane og foreldra om rettane i dette kapitelet.
  • Elevane skal ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø.
  • Foreldra og rådsorgana skal haldast informert og delta så tidleg som mogleg i arbeidet med skulemiljøtiltak. 
  • Skuleeigaren kan få bot om ikkje skolen gjer nok for at eleven skal ha det trygt og godt.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vedlegg 2

 

 

Skriv på klagen kven det er du klagar til:

 

Rektor

  • saka må først tas opp med skulen. Dei som arbeider på skulen har plikt til å varsle rektor

 

Fylkesmannen

  • du kan melde saka til Fylkesmannen ei veke etter at rektor blei varsla. Fylkesmannen skal då fatte eit enkeltvedtak, og kan pålegge skulen å setje inn tiltak. Fylkesmannen skal setje frist for gjennomføring av tiltaka, og vurdere om skulen skal ha tvangsmulkt.

 

Utdanningsdirektoratet

  • er du misfornøgd med Fylkesmannen sitt vedtak kan du klage til Utdanningsdirektoratet

 

 

Til

Rektor ved _________________  skule

Fylkesmannen i __________________  (fylke)

Utdanningsdirektoratet                                            

Dato:

 

Klage på retten til et trygt og godt skulemiljø etter opplæringslova kapittel 9A

 

Eg vil klage på at eg ikkje har eit trygt og godt skulemiljø. 

 

I opplæringslova kapittel 9A står det at skulen skal ha nulltoleranse mot krenkingar av elevar. Alle som er tilsette på skulen skal følgje med på om elevane har eit trygt og godt skulemiljø, dei skal gripe inn mot alle former for krenkingar, og dei skal varsle rektor. I alvorlege saker skal rektor varsle skuleeigar. Skulen plikter å setje inn alle eigna tiltak.

Når eg seier frå skal eg få ein skriftleg plan der det står;

  • Dei problem tiltaka skal løyse
  • Kva tiltak skulen har planlagt
  • Når tiltaka vil bli gjennomført
  • Kven som er ansvarleg for gjennomføringa
  • Når tiltaka vil bli evaluert

 

 

Det eg vil ta opp er: Her kan du fortelle kva som har skjedd, når det skjedde, kva du synes om måten lærarane har handtert saka på, kva du meiner skulen burde gjere. Bruk fleire sider om du treng det. Du kan og leggje ved brev, e-postar, sms eller andre meldingar som fortel kva som har skjedd.

Men hugs – du treng ikkje ha løysinga. Du treng berre seie kva det er du treng hjelp til. Skulen, Fylkesmannen og Utdanningsdirektoratet er dei som skal vete korleis dei løyser slike saker.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Med helsing

 

___________________________                             ___________________________

Elev                                                                            Foresatte

 

(Den som vil klage er den som skriv under. Elevar og / eller foreldre kan klage)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vedlegg 3

 

MELDESKJEMA OM BEKYMRING FOR ELEVEN SITT PSYKOSOSIALE SKULEMILJØ

 

Meldinga vil utløyse igangsetting av undersøking og eventuelt tiltak/aktivitetsplan frå skulen si side

Eleven sitt namn:

 

 

Fødselsdato:

 

 

Klasse:

 

 

Bekymringa meldast til:

 

 

Bekymringa meldast av:

 

 

Dato for meldinga:

 

 

Kva dreier bekymringa seg om? (mobbing, vald, rasisme, diskriminering, utestenging)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Korleis vart bekymringa oppdaga?

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Annan faktainformasjon

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sendast: Rektor

Kopi: Elevmappe

 

 

 

Vedlegg 4

 

Tiltaksplan ved krenkjande åtferd

 

Bakgrunnsinformasjon om saka: (Kven fekk mistanke om/melding om krenkjande åtferd, når fekk vedkommande melding/mistanke om krenkjande åtferd, omtale av eleven si oppleving, kva er gjort i undersøkinga av saka, kven er involvert i saka …)

 

 

Plan for tiltak som skal gjerast:

Kva for problem skal tiltaka løyse

Kva for tiltak skal skulen gjere

Når skal tiltaka gjennomførast

Kven er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka

Når skal tiltaka evaluerast

 

 

 

 

 

 

 

Stad og dato: ________________________________________________

 

Underskrifter:

 

Rolle

Underskrift

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kva gjer skulen:

Tiltak

Når blei det gjort

Av kven blei det gjort

Evaluering av tiltaket

 

 

 

 

 

Oppsummering:

 

 

Skulen si vurdering av saken:

 

 

Stad og dato: ________________________________________________

 

Underskrifter:

 

Rolle

Underskrift