Du er her: Oppvekst > Heim
Setesdal Bilruter- skulebuss

Trafikk-Valle skule.

Skulestart betyr at det er mange mjuke trafikantar langs skulevegen frå idag og vidare gjennom skuleåret.Vi er heldige som har sykkelsti frå Valle sentrum og til skulen, men likevel er det fleire punkt ein skal passe ekstra på som bilførar. Svingen ved kyrkja og busshaldeplassen ved SFO er 2 punkt.

Skulebussen køyrar indre veg frå sentrum og til skulen kvar dag ved skulestart og slutt. Bussen slepper elevane av ved bussplassen ved SFO og venter til det har ringt inn før han køyrar vidare. Ved skuleslutt venter elevane som skal  gå/sykle via Harstadvegen/Harstadberg til Bø, Berg, Kveste og Tveiten til bussen har køyrd.

Vi ber alle foreldre som skal avlevere/hente born til skulen og SFO om å nytte parkeringsplassen mot RV 9 til dette. Då har bussen og elevar som syklar ein auka oversikt over kryssing av Harstadvegen. I tillegg oppmodar vi alle foreldre, tilsette i skule og barnehage om å nytte ytre veg/RV ) frå sentrum om til skulen og unngå å køyre Harstadvegen/over Harstadberg om ein skal sørover.

God skulestart!

mvh

Marit J Brokke

Rektor Valle skule

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS