Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tobakkssal - registrering og internkontroll

Tenesteomtale

Alle verksemder som sel tobakksvarar og tobakkssurrogater (som e-sigarettar) skal sjølv registrere salsstadane sine i Tobakkssalgsregisteret. Registrering må skje innan 31. desember 2017. Sal av tobakksvarar eller tobakkssurrogater på stadar utan registrering er ulovleg frå 1. januar 2018.

Tobakkssalgsregisteret er offentleg og skal gje oversyn over:

  • lovlege salsstadar og grossistar av tobakksvarar og tobakkssurrogater
  • kva for salsstadar og grossistar det lovleg kan omsetjast tobakksvarar og tobakkssurrogater til og frå
  • kva for salsstadar og grossistar det skal førast tilsyn med

Målgruppe

Det er verksemda som er juridisk ansvarleg for salsstaden som er registreringspliktig. Dersom verksemda har fleire salsstadar, skal kvar enkelt salsstad registrerast.

Registreringsplikta gjeld både fast og mellombels sal.

At alle salsstadar må registrerast inneber at omreisende sal berre er tillate der kvar enkelt salsstad er registrert, slik at kommunen kan førae tilsyn der salet skjer til kvar og ei tid. Unntak gjeld for tog og skip som er kollektive transportmiddel og cruiseskip, som Helsedirektoratet skal føre tilsyn med.

Kriterium/vilkår

Det er ingen spesielle vilkår for registrering, anna enn at verksemda må registrerast i Einingsregisteret.

Pris for tenesta

Det kostar ikkje noko å registrere seg i registeret. Men kommunen kan krevje ei årleg tilsynsavgift på 4500 kroner. Frå mellombelse salsstadar kan tilsynsstyresmakta krevje ei årleg avgift på 1200 kroner.

Lover

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Dei som allereie sel tobakksvarar og tobakkssurrogater må registrere seg i tobakkssalgsregisteret mellom 1. november og 31. desember 2017 .

Etter dette må registrering skje seinst 14 dagar før salet startar, for å sikra at kommunen kan planleggj og føre tilsyn.

Innlogging skjer ved bruk av ID-porten/MinID.

For å kunna registrere på vegne av ei verksemd, må du ha ei bestemd rolle i verksemda, til dømes dagleg leiar, styreleiar eller lignande. Alternativt kan du få delegert rettar til å registrere på vegne av verksemda.

Tobakksalgsregisteret https://tbr.helsedirektoratet.no/

Les meir hos Helsedirektoratet.

Saksbehandling

Det er salsstaden sin internkontroll som er gjenstand for tilsynet til kommunen. Salsstadar/detaljistar pliktar å etablere ein internkontroll jf. tobakksskadeloven § 5 . Internkontrollen skal tilpassast den enkelte salsstaden og blant anna å bidra til at dei tilsette har tilstrekkeleg kunnskap om regelverket.

Kommunen kan påleggje retting og tvangsmulkt etter tobakksskadeloven § 8 eller gje salsforbod etter tobakksskadeloven § 9 .

Kommunen kan krevje ei årleg tilsynsavgift på 4500 kroner. Frå mellombelse salsstadar kan tilsynsstyresmakta krevje ei årleg avgift på 1200 kroner.

Høve til å klage

Viss du er misnøgd med tilsynet til kommunen eller du ynskjer å klage på sanksjonar du har fått, vert gjort dette til Fylkesmannen. Det er folkehelseloven kapittel 3 som gjeld for klagehøvet ditt.

Tjenesten oppdatert: 06.11.2017 16:27