Du er her: Oppvekst > Heim
SFO Valle skule

Skyss av elevar til og frå SFO

Elevar i 1-4 klasse som er busett på Rysstad og omegn har tilbod om skyss til og frå SFO i skuleåret 2019-2020.

Elevane som ønskjer å nytte dette tilbodet må møte ved Hylestad barnehage der dei blir henta med minibuss. Det er tekniska avdeling i Valle kommune som har ansvar for gjennomføring av transport til og frå SFO ved Valle skule. Dette er ei prøveordning for skuleåret 2019-2020 og tiltaket skal evaluerast våren 2020.

Avgang kvar morgon kl 07.00 og retur frå Valle skule kvar dag kl 15.45 med ankomst Hylestad barnehage kl 16.00. 

Viktig at dei som skal vere med møter presis og at foreldra hentar presist kl 16.00 kvar ettermiddag. 

 

Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS