SMU, skulemiljøutvalet

Ved kvar grunnskule skal det ifølgje opplæringslova § 11-1a vere eit skulemiljøutval.

I skulemiljøutvalet skal elevane, foreldrerådet, dei tilsette, skuleleiinga og kommunen vere representerte. Skulemiljøutvalet skal vere sett saman slik at representantane for elevane og foreldra til saman er i fleirtal. Samarbeidsutvalet, SU, kan sjølv vere skulemiljøutval. Når samarbeidsutvalet fungerer som skulemiljøutval, må det oppnemnast tilleggsrepresentantar for elevane og foreldra, slik at dei samla får fleirtal. Elevrepresentantane skal ikkje vere til stades når saker som er omfatta av lovfesta teieplikt blir behandla i skulemiljøutvalet.

Når elevane ikkje er til stades, skal foreldrerepresentantane ha dobbeltstemme tilsvarande bortfallet av elevrepresentantane sine stemmer, eller talet på foreldrerepresentantar aukast tilsvarande. Skulemiljøutvalet skal medverke til at skulen, dei tilsette, elevane og foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skape eit godt skulemiljø. Skulemiljøutvalet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulemiljøet.

Skulemiljøutvalet (SMU) er SU med to ekstra medlemer: Olav Berg (Andreas Forde - vara) og Bjørgulv Harstad (Georg Sørmo - vara)

 

Regelverket for grunnskoler og videregående skoler

Skolemiljøutvalget skal medvirke til at skolen, de ansatte og elevene tar aktivt del i arbeidet for å skape et godt skolemiljø. På grunnskolen gjelder dette også foreldrene. Skolemiljøutvalget har rett til å uttale seg i alle saker som gjelder skolemiljøet, se opplæringsloven kapittel 9a. (opplæringsloven § 11-1a og § 11-5a) 

Regelverk om skolens plikt til å informere skolemiljøutvalget

Skolemiljøutvalget skal holdes løpende orientert om alle forhold som har vesentlig betydning for skolemiljøet, deriblant hendelser, planer og vedtak. Utvalget har på forespørsel rett til å få fremlagt dokumentasjon for det systematiske helse-, miljø- og trygghetsarbeidet ved skolen. Skolemiljøutvalget skal så tidlig som mulig tas med i planleggingen og gjennomføringen av miljøtiltak ved den enkelte skole, og har rett til å uttale seg og komme med framlegg i alle saker som har betydning for skolemiljøet. Hvis skolen blir klar over forhold ved skolemiljøet som kan ha negativ virkning for elevenes helse, skal elevene og de foresatte varsles snarest mulig.(opplæringsloven § 9a-6) 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS