Du er her: Oppvekst > Heim
Skolejoggen_IM og PAU

Skulejoggen " Mindre alene sammen"

Valle skule arrangerte Sulejoggen/sponsorløp til inntekt for årets TV aksjon. Skulen har arbeidd med team "Mindre alene sammen" og hatt fokus på inkludering og fellesskap.

Torsdag 18 oktober var dagen alle skulle bidra med litt fysisk aktivitet til inntekt for fellesskapet. Elevane har jobba fram eigne sponsorar for innsatsen. Valle sparebank tende på ideen og var rause nok til å love sponsing av alle elevane med 10 kr pr runde på Valle stadion.

Merete frå Kirkens Bymisjon opna arrangementet med litt informasjon om arbeidet som stiftinga som er mottakar av årets TV aksjon gjer og var imponert over at så mange var sporty og møtte direkte til skulejogg fra skule og jobb.

17:15 blåste speaker Tor Viki arrangmentet igang og elevane gav seg i kast med rundene på banen. 45 minutt er lenge men alle imponerte og var i aktivitet heile tida. Ingen hadde behov for pauser. Denne innsatsen gjorde til at Valle skule leverte 1022 rundar totalt. Det er rett og slett imponerande innsats frå alle.

Slitne elevar i mål trengte berre nokre minutt før dei avslutta arrangmentet med song og Bli`med dansen. Trur det var mange imponerte foreldre og besteforeldre på sidalinja denne ettermiddagen.

Avslutningsvis var det kafè med kaker, kaffe og brus inne i Vallehalli. Det var deltakarane på Valle vaksenopplæring og FAU som stod for servering og dei gjorde ein super innsats før under og etter arrangementet. 

Tusen takk for all deltaking og støtte denne ettermiddagen.

Vi minner om at all sponsing av elevane sin skolejogg skal direkte inn på Valle skule sin TV aksjonside:

 

 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS