P3230075

Skitur med strålande vêr og blide andlet.

Ein skitur byr på utfordringar i tekniske dugleikar og kan setje tolmod og humør på prøve. Han gjev også meistringsglede og moglegheit til  utfolding i vinterleikar som skihopping, snøholegraving, skiløyping. Særs skihopping er ein aktivitet som aktiviserer alle elevar på tvers av stega. Dei synte omsut for kvarandre og  tok vare på kvarandre i så stor grad at ein vert glad berre av å vere tilskodar. Vi er heldige som har så flotte elevar på skulen, og vi lærarar gler oss allereie til neste aktivitetsdag med denne flotte gjengen!

2015-03-27 Tor Brokke
Tips ein ven Skriv ut