Du er her: Oppvekst > Heim
skidag 2015[1]

Skidag for Valle og Hylestad skular

Då elevane kom til Brokke Alpinsenter, letta tåka, sola kikka fram og gjorde sitt til at skidagen vart ein hyggeleg dag.


  1 / 32 
 
skidag 7.jpg 
skidag 7.jpg
 


Tysdag 17.februar reiste Valle og Hylestad skular på skidag til Brokke. Nokre gjekk på skitur, enten ein lang eller ein noko kortare tur medan dei andre var i alpinbakken. Det gjekk både i snowboard, twin-tip, carwingski og telemark! Elevar og tilsette kosa seg i bakken med strålande sol og mest ikkje noko vind. Humøret og aktiviteten var på topp.

Ingunn, Salwa og Mona var stasjonerte i botnen av alpinbakken. Dei passa godt på alle og grilla pølser til både Valle, Hylestad og eit par andre skular som også fekk smake på dei gode pølsene. Dei som hadde vore på skitur, kom til alpinsenteret då det var tid for mat. Her leikte dei i snøen, slappa av og koste seg resten av dagen. 

Det vart ein strålande dag for både elevar og tilsette. 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS