Referat frå møte i Samarbeidsutvalet (SU) ved Hylestad skule

 

19.09.2018 kl. 16.00

 

Til stede: Daniella Forde, Eric Solheim, Hildeborg Homme, Bjørgulv Harstad, Bjarne Rysstad, Cecilie Kjørmo, Gunhild N Hagane, June S Thorsen, og Else Margit Tveit

 

Sak 1 18/19

Konstituering

SU vart konstituert i tråd med vedtekter.

Leiar SU: Bjørgulv Harstad (leiar FAU)

Nestleiar SU: Bjarne Rysstad (nestleiar FAU

Skrivar: rektor

Reterande er medlem av SU

 

Sak 2 18/19

Vedtektene

Vedtektene er vedteke av Levekårsutvalet i møte 15.03.2016.

Dei vart sendt ut på førehand og det var ingen kommentarar til dei

 

Sak 3 18/19

Teieplikt

Rektor gjekk gjennom kva teieplikta går ut på og alle, unntatt elevane som ikkje skal, skreiv under på teieplikta

 

Sak 4 18/19

Eventuelt

  • Innspel frå rektor: Leiar SU og  rektor lagar eit årshjul for kva som skal opp i SU. Forslaget til årshjul vert sendt som vedlegg saman med innkalling til neste møte.  Utgangspunktet for årshjulet skal vere § 4 i vedtektene til SU. Ingen hadde innvendingar mot forslaget
  • Rektor orienterte kort om oppstarten av skuleåret. På skulen har alle i undervisningspersonalet pedagogisk utdanning og alle stillinger er besatt
  • Leiar av elevrådet er i år valt på ein ny måte. Alle som ønskjer å vere leiar av elevrådet må halde eit innlegg for alle elevane ved skulen om kva dei meiner er viktigast for elevrådet å arbeider for. Etter det er det skriftleg val og leiaren vert stemt fram av alle

 

 

Referent: Else Margit Tveit