Du er her: Oppvekst > Heim
Skulejoggen TV aksjonen

Pressemelding: EIN GRUNNSKULE I VALLE KOMMUNE FOM. 01.08.2019

27.02.2019 vedtok Valle kommunestyre å slå saman Hylestad og Valle skular, og leggje ein samla grunnskule til Valle skule. Bygningane som har husa Hylestad skule skal takast i bruk av Setesdal folkehøgskule. Rådmannen inviterer FAU, elevråda og eigne tilsette til informasjonsmøte i løpet av medio mars.

I samband med ny skulestruktur vil rådmannen invitere FAU (foreldreutvala) ved skulane til felles møte medio mars. Rådmannen vil også invitere elevråda ved begge skulane til eit felles møte. Alle tilsette som er rørte av samanslåinga har fått invitasjon til informasjonsmøte 6.mars kl. 1630.  

Kommunestyrets vedtak i sak PS 10/19 Nedlegging av Hylestad skule, flytting av elevane til Valle skule, avhending av Hylestad skule:

  • Hylestad skule blir lagt ned innan 31.07.19. Elevane ved 1-7 trinn ved Hylestad skule

blir flutt til Valle skule frå skulestart hausten 2019.

  • Valle kommune gjev tilbod om SFO ved Valle skule lokalisert til skuleanlegget i Valle.
  • Rådmannen orienterer kommunestyret om kostnader ved endring av skulestruktur i 1.

tertial. Konsekvensar og eventuell budsjettregulering blir handsama i 2.tertial.

  • Setesdal folkehøgskule får tilbod om å overtake bygningar og tomt som er Hylestad

skule i dag, vederlagsfritt. Rådmannen startar dialog med Setesdal folkehøgskule om

avhending av Hylestad skule og avtalefeste bruk av gymnastikksal.

tilbake med sak til kommunestyret

  • Rådmannen kjem attende med utgreiing av tilbod med skyss for elevar i SFO til

Hylestad.

Du kan lese saka i sin heilskap her: http://159.171.48.136/eInnsynValle/Dmb/DmbMeetingDetail?meetingId=148

Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS