Ordensreglement for Hylestad skule

 

Innhald:

  1. Lovheimel
  2. Reglar om orden og oppførsel
  3. Tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet
  4. Framgangsmåte/sakshandsaming ved uønskt åtferd
  5. Krenkjande åtferd

 

1. Lovheimel:

 

9 A-10.Ordensreglement

Kommunen skal gi forskrift om ordensreglement for den enkelte grunnskole (…). Reglementet skal gi reglar om rettane og pliktene til elevane så langt dei ikkje er fastsette i lov eller på annan måte. Reglementet skal innehalde reglar om orden og oppførsel, om kva tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet, og om korleis slike saker skal behandlast.

Skolen kan berre nytte tiltak som er fastsette i ordensreglementet. Tiltaka skal ikkje innebere fysisk refsing eller anna krenkjande behandling. Før det blir teke avgjerd om tiltak, har eleven rett til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda.

Ordensreglementet skal gjerast kjent for elevane og foreldra. Kravet i forvaltningsloven § 38 første ledd bokstav c om kunngjering i Norsk Lovtidend gjeld ikkje.

 

2. Reglar for orden  og oppførsel

 

Reglar for orden og oppførsel gjeld for elevar

  • i skuletida
  • i leksetida
  • i SFO-tida
  • på områda til skulen
  • på skuleturar og ekskursjonar som er i regi av skulen
  • på skulevegen/skulebussen
  • i det digitale rom

 

1

Ver venleg med og syn respekt for alle du kjem i kontakt med på skulen og på skulevegen

2

Hylestad skule er ein mobilfri skule

3

Hald god orden i klasserommet, gongen og på skuleområde

4

Møt alltid fram til timane i rett tid. I klasseroma er det ikkje tillate å ha yttertøy, caps, lue eller andre hovudplagg på

5

Høyr på beskjedar frå dei vaksne, og gjer som dei seier

6

Treng du å forlate skuleområdet i skuletida, må du ha løyve frå ein vaksen ved skulen

7

I pausane skal du vere ute dersom ikkje noko anna er bestemt

8

Maten skal etast i klasserommet eller ute når læraren er med

9

Søtsaker kan du bare ha med når det er gjeve løyve til det

10

Snøballkasting er bare tillat på tilvist stad, t.d. på blink bak gymsalen

 

11

Slåssing og uønskt leik er ulovleg. Du er ansvarleg for skade du  påfører personar eller materiell

12

Banning og usømeleg språkbruk må ikkje forkomme

13

Elevane må passe på bøker og utstyr som blir utdelt ved skulestart. Viss

dei øydelegg eller mister noko av dette må det erstattast 

14

Sparkesyklar/syklar skal stå ved sykkelstativet og nyttast på tilvist område

15

Elevane tek ikkje med eigedelar t.d. leiker heimefrå unntatt når det er avtalt med lærar

 

3. Tiltak som kan nyttast mot elevar som bryt reglementet

 
  • Tilsnakk/ samtalar med vaksne ved skulen
  • Tilsnakk/ samtalar med vaksne ved skulen, kontaktlærar eller rektor og gjere avtale om konsekvensar
  • Samtale med den involverte læraren og/eller kontaktlæraren og eleven, evaluere avtala. Informere føresette og kollegaer
  • Merknad
  • Munnleg eller skriftleg informasjon til føresette
  • Samtale mellom kontaktlærar og føresette/elev. Lage tiltaksplan for oppfylging
  • Samtale med rektor og elev, eventuelt og med føresette og kontaktlærar
  • Andre samarbeidspartnare kan involverast t.d. PPT-rådgjevar, helsesøster, barnevern og politi.
  • Sjå del 5. om krenkjande åtferd
  • Andre reaksjonar på brot som kan nyttast:

-

attsitjing

-

midlertidig inndraging av eigedelar som t.d. mobiltelefon, lue, caps

-

sitje på eit anna rom med tilsyn

-

skiljast frå dei andre ved å måtte vere inne (eventuelt. ute) i friminutta

-

føresette blir bedne om å kome å vere saman med eleven på skulen

-

Bortvising frå skulen i særlege høve eller ved gjentatt regelbrot i enkelttimar eller for resten av dagen (foreldra hentar eleven)

-

pålegg om oppgåver for å rette opp skade som er påført skulen/medelevar/andre sine eigedelar

-

hærverk på skulen sin eigedom må erstattast

-

skulebytte kan nyttast i heilt spesielle tilfelle dersom kommunen vedtar dette

 

4. Framgangsmåte/sakshandsaming ved uønskt åtferd

  • Tiltak bør setjast i verk så raskt som mogleg etter at ein regel er brote
  • Før det blir teke avgjerd om refsing, mellom anna om bortvisning, skal eleven ha høve til å forklare seg munnleg for den som skal ta avgjerda
  • Straffetiltak bør stå i rimeleg forhold til regelbrotet.
  • Sjå del 5 om krenkjande åtferd
  • Kontaktlærar har ansvaret for å dokumentere kva som skjer i saka

 

5. Krenkjande åtferd

Elevane har rett til eit trygt og godt læringsmiljø. Om eleven ikkje opplever det slik, kan han/ho seie frå til ein tilsett ved skolen, og då har skolen plikt til å gjere noko med det. Det er eleven si oppleving som skal ligge til grunn for skolen si handlingsplikt. Nedanfor er utdrag frå kapittel 9A i opplæringslova. Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

  • Skolen skal ha nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering
  • Ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, skal skolen snarast undersøkje saka
  • Skolen skal så langt det finst eigna tiltak sørgje for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø
  • Skolen skal sørgje for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i skolen sitt arbeid
  • Skolen skal lage ein skriftleg plan når det skal gjerast tiltak i ei sak. I planen skal det stå

a) kva problem tiltaka skal løyse
b) kva tiltak skolen har planlagt
c) når tiltaka skal gjennomførast
d) kven som er ansvarleg for gjennomføring av tiltaka
e) når tiltaka skal evaluerast. 

  • Om det mistenkast at ein som arbeider på skolen, utset ein elev for krenking, skal rektor straks varslast, og rektor skal varsle skuleeigaren.
  • Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Fylkesmannen etter at dei har kontakta rektor.
  • Fylkesmannen kan bestemme kva skolen skal gjere for at eleven/elevane skal få det betre
  • Skolen har plikt til å informere elevane og foreldra om rettane i dette kapitelet
  • Elevane skal ta del i planlegginga og gjennomføringa av arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø
  • Foreldra og rådsorgana skal haldast informert og delta så tidleg som mogleg i arbeidet med skulemiljøtiltak
  • Skuleeigaren kan få bot om ikkje skolen gjer nok for at eleven skal ha det trygt og godt