Jaktvaldkart - villrein og elg
Til høgre på denne sida, under "Tilknytta element" finn du kart som viser villreinvalda med namn og grenser. Det er to oversiktskart, eitt for Valle austhei og eitt for Valle vesthei. Desse er i stort format, A0 og A1. Merk at arealtala som står på austhei-kartet ikkje er juridisk bindande, og ikkje er dei som brukast i tildelinga no.
Så er det mindre kart for kvart enkelt vald. Desse er bereikna for utskrift i A3. Målestokk på alle karta er 1:50 000.
Kommunekart
Valdgrensene for både villrein og elg er lagt inn som eigne kartlag i "kommunekart", sjå dynamisk kartvindu nedanfor.
Du kan velje kva for kartlag som skal visast ved å trykke på pila ved sidan av kommunevåpenet og -namnet.