Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline03. mars kl. 15:25

Orientering om koronaviruset - oppdatert 02.04.2020 kl. 17.10

Kriseleiinga har hatt statusmøte i dag 02.04.202. Ingenting nytt sidan sist møte anna enn at vi har bestilt smittevernutstyr til å ha på lager som blir levert truleg før påske. Kriseleiinga er i beredskap gjennom påska om det skulle skje endringar.

ALLE tiltak i høve koronasituasjonen gjeld førebels fram til måndag 13.04.2020. Ny oppdatering frå regjeringa er signalisert skal kome 08.04.2020 og vi avventer situasjonen til då.

Fylkesmannen i Agder presiserer at både bubilar og campingvogner er å sjå på som "hytte". Det er difor ikkje høve til å opphalde seg i desse utafor eigen kommunegrense.
Valle kommune oppmodar alle om å repektere dei nasjonale retningslinene!

Alle som kjem til kommunen i karantene på hytta med bakgrunn i unntaket i forskrifta §5, og som ikkje er folkeregistrert i kommunen, skal melde dette til kommunen. Denne informasjonen sendast til post@valle.kommune.no  Forskrifta finn du HER

Les meir... clear

Innsyn

Innsyn er portalen inn til forvaltninga slik at du som bruker kan følgje med på kva som skjer.
Her kan du lese postlista, saksdokument til politiske utval, protokollar frå møter m.m.