Du er her: Oppvekst > Heim
idrettsdag ingressbilete

Idrettsdag for elevar ved Valle og Hylestad skular

Siste dagen før haustferien avslutta vi med ein skikkeleg idrettsdag på Valle stadion. Nytt av året var at vi hadde besøk av mellomtrinnet på Hylestad skule. Det var i alt nærmare 100 elevar i full aktivitet på ei gong!


  1 / 20 
 
idrett15.jpg 
idrett15.jpg
 


Vi var spente på om vêret kom til å halde seg greitt, og det gjorde det fram til lunsj. Dei fleste fekk gjort seg ferdig med idrettsmerket innan vi måtte flytte høgdestativet inn. Då bles vinden så kraftig at tjukkasen (den tjukke madrassen) flaug bortetter banen. Det kom nokre regnbøyer, men ikkje verre enn at det gjekk an å vere ute.

På stadion var det laga til ulike stasjonar med kast av liten ball, kulestøt, lengde- og høgdehopp og 200 - og 60 meter. For å få idrettsmerke må ein ha klart bronse, sylv- eller gullkrava i uthald, hurtigheit, spenst og kast. Elevane gjekk derfor rundt på eiga hand og tok det dei trong ut i frå eige ønskje. Dersom ein er betre i lengde enn i høgde, kan ein velje, sidan begge måler spenst. Det same gjeld for hurtigheit der dei kunne velje mellom 200 meter og 60 meter, og kast der u-skulen kunne velje mellom kulestøyt og kast med liten ball. Uthald har dei gjort unna med 3 km i kroppsøvingstimane.

Etter lunsj var det full aktivitet inne i hallen medan dei siste gjorde seg ferdige med merkakrava. Utmerka innsats av våre Aktiv skole-elevar som klarte å aktivisere heile gjengen i tre ulike delar av hallen! Vel blåst.

Då alle var ferdige med merkekrava, samla vi dei i hallen og hadde dragkamp mellom klassane, til stor jubel og ståhei og mykje heiing. Topp innsats frå alle.

Veret letta mot slutten av dagen, slik at vi fekk avslutta dei heile med stafettar ute mellom dei ulike klassane. Valle skule vann over Hylestad i 5. 6. og 7.kl, og 10.kl vann over 8. og 9.kl.

Elevane var generelt godt nøgd med dagen. Dei som klarte merket får det utdelt i kroppsøvingstimane etter haustferien. 

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS