Hylestad barnehage er ein avdelingsbarnehage, der alle barna er på same avdeling. Barnehagen ligg på Nomeland, tett attmed Hylestad Skule.  Barnehagen har plass til barn frå 0-6 år.

Uteområdet framstår som spanande for alle aldersgrupper. Skogen ligg i nærleiken og sti gjeng opp til gapahuken, som er eit flott og utfordrande  turområdet. Der er laga ein flott hinderløype, som ligg rett over vegen som vert nytta i stor grad.

Visjonen vår er, det er godt å vere meg. Me vil at alle barn skal oppleve kvar einaste dag dei er i barnehagen, at dei vert sett, høyrt og verdsatt.

Målet vårt er at alle barna skal glede seg til å kome i barnehagen og kvardagen skal vere prega av humor, glede, gode samtalar, utfordringar, anerkjenning og meistring. Me tykkjer fysisk aktivitet er viktig og brukar hallen, bassenget, gymromet vårt og  turdagar som faste aktivitetar.

Me jobbar strategisk med vennskap og meiner at barn sin trivsel er dei vaksne sitt ansvar. Alle barn skal ha nokon å leike med og me har ein stort fokus på å førebyggje mobbing.

Søknasskjema for barnehageplass eller endringar finn du her.