Helsestasjon for ungdom
Tenesteomtale
På helsestasjon for ungdom kan du få råd og rettleiing om mellom anna rus, seksualitet, kjønnssjukdommar, psykiske problem og kosthald. Du kan også bli vist vidare til spesialist. Helsestasjonen er ei delteneste til den vanlege helsestasjonsverksemda.
Målgruppe
Ungdom opp til 20 år
Pris for tenesta
Tilbodet er gratis.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Kommunen plikter å tilby helsestasjons- og skolehelseteneste til born og unge under 20 år. Sjå
Pasient- og brukerrettighetsloven
Helsepersonelloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Kontakt den nærmaste helsestasjonen din. Du treng ikkje å tinge time.
Høve til å klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
Tjenesten oppdatert: 28.02.2018 17:46