Du er her: Oppvekst > Heim

Heietur til Bjørgedalen

Ein regntung haust gjorde til at me utsette heieturen til september, og endeleg kom sola. Bussen tok oss med opp Bjørgekleiva. Derifrå kunne me gå etter ein fin grusveg inn til Skjellestøyl. Kari Bjørgum losa oss innover heievegen. Me stoppa opp fleire stader der ho fortalde og levandegjorde historiar frå livet i gamle dagar i Bjørgedalen, der det er truleg at den fyrste busetjinga i Hylestad fann stad. Historiar om svartedauden, tømmarafloting, oppgangssag og støylsliv gav liv til stadar som; Krullefiti, Sagehylen, Fisstøyl, Auståkran og Nepegardsbakken. Det vart god tid til bålkos, leik og moro på støylen og segna om trollet og sølvbeltetona i Andenapen sette seg nok godt på minnet hos dei fleste.

12047300_710269882438059_1527623487_n
12047695_710270219104692_671813106_n
12048445_710270279104686_732039922_n
12048930_710282762436771_2116493372_n
12053336_710270129104701_207997595_n
12032403_710283682436679_2110663389_n
Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS