Forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift - a-melding
Tenesteomtale
Frå 1. januar 2015 er det innført ein ny rapporteringsmåte for forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift gjennom a-meldinga.
I a-meldinga rapporterer du informasjon om arbeidsforhold, lønn og ytingar, forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift til Skatteetaten, Nav og Statistisk sentralbyrå (SSB). Meldinga skal sendast inn kvar månad av alle som utbetaler lønn, pensjon og andre ytingar. Frist for innsendinga er den 5. i månaden etter dei månadene det skal rapporterast for.
Forskottstrekk og arbeidsgjevaravgift forfaller til betaling i terminar på to månader, altså seks gonger i året, ved at oppgjer skjer pr. 15. i påfølgjande månad for dei to føregåande kalendermånadene, eksempelvis pr. 15. mars for månadene januar og februar. Oppgjeret skjer til skatteoppkrevjaren.
Skatteetatens overordna mål er å sikre at skatt og avgift blir korrekt fastsett og innbetalt. Meir enn 80 prosent av dei totale skattar og avgifter til stat og kommune kjem inn gjennom dei skatte- og avgiftssystema som etaten forvaltar.
Målgruppe
Arbeidsgjevarar som har 0 til 8 tilsette
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Sjå spesielt
Skatteforvaltningsloven
A-opplysningsloven
Skattebetalingsloven
Folketrygdloven
A-opplysningsforskriften
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Klikk på skjemalenkja under. For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyller/Innsender eller Kontaktperson NUF.
Du kan sjå kva for roller du har i Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere ho til deg.
Tjenesten oppdatert: 28.02.2018 18:34