Forskningsdagene 2015

Mellomsteget på Hylestad skule var av dei få heldige som fekk delta på "Forskningsdagene 2015" på UIA, Grimstad.

Bussen frå Hylestad gjekk grytidleg måndag 21.september. Avreise kl 06.30. Elevane var klar for ein dag med forskning i fokus. På universitetet fekk dei prøve seg på fleire aktivitetar, oppleve smell, eld og andre vitskaplege demonstrasjonsforsøk, samt høyre tre miniforelesingar om universet, matvanar og digital mobbing.

Eit besøk på univeritetet kan inspirere elevar i ung alder til å ta høgare utdanning; "Tenk at studentane får lov til å ete mat i grupperoma der dei gjer lekser!", sa ein av elevane:-)

Ein lærerik dag med ein kvikk og grei gjeng.

12033295_710284929103221_857262371_n
12042272_710284565769924_1893473119_n
12047270_710284922436555_1304379799_n
12048771_710269645771416_794584848_n
12023021_710284945769886_1070216606_n
12025580_710284909103223_2021751029_n
2015-09-24 Tor Brokke
Tips ein ven Skriv ut