Du er her: Oppvekst > Heim
workshop klippa

Absence Crew med show og workshop

"Det beste kultur-sekk-innslaget nokon gong" var kommentarar frå fleire elevar då dei hadde vore med på fire skuletimar med Absence crew. 

Absence Crew er ei kjent norsk breakdancegruppe som også er norgesmeistarar i breakdance. Kanskje du såg dei i Mitt dansecrew på TV2, der dei altså gjekk av med seieren. Fem spreke karar frå gruppa kom til Vallehalli og underheldt Valle og Hylestad skule med eit humoristisk og spennande show: Askeladden på nye eventyr. På si ferd for å finne prinsessa som ingen kunne målbinde, så møtte Askeladden på ulike eventyrfigurar som feks dei tre bukkane Bruse, som var på veg til fjells for å danse hip-hop, og trollet under brua. Dei dansa seg gjennom eventyret til fengjande musikk og besøkte mange ulike land undervegs. Lyskastarar vart også nytta for å gje rette stemninga og får fram spenninga i forteljinga.  Til slutt, etter ein runde med hip-hop- og beatbox-konkurranse fekk Askeladden målbunde prinsessa si, og han fekk som seg hør og bør, prinsessa og halve kongeriket. 

Etter ein kort pause var 5. - 10. klasse ved båe skulane med på workshop. Dei lærte seg nokre kule hip-hop/ breakdance-triks. Desse dansestega og triksa vart sett saman til ein dans som gruppene dansa saman. Ein kunne sjå mange spreke, sterke, velbalanserte og ikkje minst modige elevar som heiv seg ut i nye utfordringar utan å nøle. Til slutt danna heile gruppa ein stor ring der deltakarane vart utfordra til å hive seg ut i midten av ringen og vise fram triksa dei hadde lært. 

Det kom mange positive kommentarar frå elevane etter på. Ikkje tvil om at det har vore det mest kule og det mest engasjerande DKS (den kulturelle skulesekk)-besøket vi har hatt på lenge (ever?)! Tenkjer at fleire av dei kjenne etterverknadar av workshopen i lår, leggar, armar og meir! For tungt var det! Og gama var det!

Her kan du lese meir om det Absence Crew driv med!

Tips ein ven Skriv ut
Design: Tress Design AS - Programmering: CustomPublish AS